Den største nynorskkampanjen på mange år

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til avsendaren
No er det klart: Frp og Høgre går til val på å skrote at alle lærer nynorsk i skulen. Derfor startar Noregs Mållag i dag den største nynorskkampanjen på mange år.
Høgre går til val på å fjerne karakter og eksamen i sidemål, medan FrP går endå lenger. For fyrste gong krev FrP kunnskapsministeren og gjer seg klar til å skrote sidemålsopplæringa for elevane.
– Kjærleik, kunnskap og hardt arbeid skal redde nynorsken frå Frp og Høgre, seier leiar i Mållaget, Peder Lofnes Hauge.
Kampanjen heiter «Nynorsk i skulen for alle!» og skal løfte fram verdien av sidemålsordninga, og kor spesielt viktig ho er for nynorsken som mindre brukt språk. Logoen til kampanjen er eit nynorsk-hjarte, med undertittelen ekte valfridom krev tospråkleg opplæring.
Peder Lofnes Hauge er ikkje i tvil: Sidemålsordninga i norsk skule er avgjerande for nynorsken som nasjonalt språk, og noko alle som er glade i nynorsk bør vere med på å kjempe for.
Fyrste nynorskveke i historia
Frå 6. til 12. mai er det også nynorskveka for fyrste gong, med nynorskdagen 12. mai som den store festdagen.
– Noregs Mållag har invitert alle skular, alle barnehagar og alle bibliotek i landet til å markere veka på sitt vis. Responsen har vore utelukkande positiv, og vi trur mange fleire nordmenn vil møte nynorsk denne veka, seier Peder Lofnes Hauge.
– I fjor kom Vipps på nynorsk 12. mai, og vi vonar på fleire gode nyhende i år.
Med nynorskveka får mållagskampanjen ein ordentleg pangstart. Over 130 lokallag har bestilt kampanjepakker og stiller seg opp på stand over heile landet. Dei lokale tillitsvalde er klare med alle dei gode argumenta for kvifor sidemål i skulen er eksistensielt for nynorsken. Dei tek gjerne praten over ein sidemålskaffikopp og kampanjesjokolade.
– 16 000 medlemer gjer Mållaget til ei stor politisk kraft, seier Peder Lofnes Hauge. Dette er ei viktig sak for oss, og den skal vi vinne!