Korleis synest du det er å bu og leve i kommunen?

Aukra kommune melder at i løpet av denne og neste veke (veke 8 og 9) vil eit tilfeldig trekt utval av kommunen sine innbyggjarar få ein SMS med invitasjon til å delta i ei spørjeundersøking.
Saka held fram etter annonsen
SMS-en vil kome frå avsendaren «Aukra komm». Spørjeundersøkinga handlar om korleis ein synest det er å bu og leve i Aukra kommune, kor nøgd ein er med dei kommunale tenestene med meir.
Deltaking i undersøkinga er anonym og frivilleg. Utfrå resultata kan Aukra kommune sjå korleis innbyggjarane opplever kommunen samanlikna med innbyggjarar i andre like store kommunar.
Det er Sentio Research som gjennomfører innbyggjerundersøkinga.
Meir informasjon finn ein på Aukra kommune si nettside.