Aukranytt
3 minutter lesetid

Interpellasjon: 2025 – Friluftslivets år – på tide med ei dagsturhytte?

Dette er eit meiningsinnlegg som uttrykker synspunkta til innsendaren

Vi markerer i 2025 Friluftslivets år! I løpet av året vil det bli gjennomført ei rekke friluftlivsaktiviteter og arrangement rundt om i alle norske kommunar.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

I Aukra kommune har vi allereie gjennomført «Heile Norge båler». Ein flott start på Friluftslivets år. Vi reknar med at det vert fleire friluftslivsaktivitetar og arrangement i løpet av 2025 i Aukra kommune?

Friluftslivets år gir oss moglegheit til å bidra til endå fleire friluftslivsrelaterte aktivitetar og kanskje at endå fleire i kommunen vår blir glad i friluftsliv? Det kan ikkje vere tvil om at friluftsliv fremmar god folkehelse, dette både fysisk og psykisk.

Forholda for friluftsliv ligg godt til rette i kommunen vår. Vi har kyst og vi har fjell. Kva kan vel vere betre ein ein havkajakktur ved Sæter – eller Smågeholmane eller ein fjelltur opp til Svartnakken eller Eikremsheia? Vi bur og i ein region som absolutt inviterer til flotte turar og gode friluftlivsopplevevingar.

Vi kjenner til at Vestland fylke og Agder fylke har etablert fleire såkalla dagsturhytter. I Vestland fylke har nesten alle kommunane i fylket fått bygd ei dagsturhytte. Ei dagstur hytte er open for besøk døgnet rundt, heile året. Desse hyttene skal vere ein sosial møteplass, fremme folkehelse og ikkje minst vere ein plass kor ein kan søke ly og ete matpakka. Det er ikkje snakk om store prangande hytter, men små og relativt billige hytter.

Vår utfordring/oppfordring er at vi i løpet av Friluftslivets år får bygd ei dagsturhytte i Aukra kommune. Vi er sikre på at dette hadde blitt svært godt tatt imot av folket i kommunen og at ei slik hytte også hadde motivert til endå fleire turar ut i vår flotte natur. Vi ber derfor administrasjonen om å sjå på moglegheiten og kostandane ved å få etablert ei dagsturhytte i Aukra kommune.

Jan Magne Breivik

KrF