Med populære framsyningar som Amerikaklokkå og Tempo Lett bak seg siste åra ønskjer Svein Erik Nautnes i Gossen revylag å fortsette tradisjonen med haustforestilling. Denne veka var det oppstartsmøte for å lansere skisser og idèar til neste prosjekt.
-Det er no fole kjekt å halde på med dette. Eg trur det tilfører noko, både for publikum og oss som øver det inn. Men det krev også mykje med store spel som Amerikaklokkå, ein klarer ikkje det kvart år. Difor ser vi på ei enklare form i år, seier leiar Svein Erik Nautnes i Gossen revylag.
Nyleg inviterte han interesserte til ei første idèmyldring og sondering kring mulegheitene for å ei ny oppsetjing. Tanken er framføring i Aukra kulturhus i slutten av oktober.
På det førebelse idèstadiet er det snakk om ein kabaret med songar og sketsjar. Det blir gjort enkelt slik at det er sjølvstendige framføringar kvar person i prinsippet øver inn sjølv, men under felles tema/tittel på forstillinga. Dermed krev det mindre ressursar og fellesøvingar enn til dømes Amerikaklokkå.
Det vil vere ein del nytt, men og høve til «ønskereprise» av lokale «høydarar» i form av song eller sketsjar.
Samarbeid med Gossen mannskor er og ønskjeleg:
-Mannskoret har eit variert repertoar og vil passe godt inn i ein kabaret. Eg trur kombinasjonen mellom ulike individuelle innslag og koret kan bli bra om dei vil vere med på idèen. Lokale songar som «Blikkstille kveld» og «Kvalstasjonen» arrangert for kor av Arild Hoksnes vil jo vere prikken over i-en, smiler Svein Erik Nautnes.
Det blir nytt møte 6.februar for vidare idèmyldring.