Aukra bålar saman med Noreg laurdag

«Friluftslivet sitt år 2025» ønskjer å inspirere til oppdaging og ivaretaking av den nære naturen, å vere ute saman og prøve nye friluftslivsaktivitetar. Laurdag blir det offisiell bålbrenning over heile landet. Aukra kommune melder om bål fire offisielle stadar.
“Heile Noreg bålar” er startskotet for den landsdekkande feiringa og markeringa av «Friluftslivet sitt år 2025». Målet med arrangementet er å fyre opp eit bål i kvar bygd og by frå sør til nord og å samle menneske til aktivitetar og bålsamtalar.
Å samlast rundt bål krev omsyn til naturen, dyr, grunneigar og kvarandre. Det er viktig at naturen er like fin som før der vi fyrer bål og at folk samlast på eigna stadar.
Når du skal tenne bål må du tenkje på: Plassering av bålplass. Bål skal ikkje tennast på berg eller rullestein, eller forstyrre dyreliv.Ta med ved og oppfyringsved som skal brukast til bål, og la død ved få bli liggande i naturenForbered for slukking og rydd opp etter deg.Det er mykje ver og vind i kommunen, men du kan finne ein plass i ly. Vi har mange gapahuker og friluftsområde som også har bålplass, gå gjerne til ein som er nær deg.
Her blir det bål i Aukra
På desse stadane blir det bålsamling frå klokka 1500 laurdag 18.januar:
Julsundet: Eidskrem, i fjøra nord for Eidskremfeltet og Hundetjønna.
Gossen: Riksfjordremma og Halingshaughola.
Lokale ungdommar frå DNT- Ung i Romsdal, er med.