Aukranytt
2 minutter lesetid

Romjulstreff for ungdom

Imorgon 30.desember er det «Romjulstreff for ungdom» i Aukra kulturhus. Treffet er eit samarbeid mellom Aukra kommune og Aukra Næringsforum.

Saka held fram etter annonsen

Arrangementet er i hovudsak retta mot dei unge i kommunen.

-10. klassingane og ungdommar frå Aukra som går på vidaregående er spesielt invitert. I tillegg
ønskjer vi å nå studentar og andre mulege arbeidstakarar. Vi ønskjer å vise fram heile
næringslivet i Aukra og mulegheitene som finst her, seier Anne Reidun Valdal i Aukra Næringsforum.

Bedriftene i kommunen får høve til å presentere seg for framtidige medarbeidarar og fortelje om kva type medarbeidarar bedrifta treng.

I tillegg blir det «inspirasjonsforedrag» av personar frå Aukra som kanskje har gått ein litt annan veg enn normalt.

Etter presentasjonane serverast pizza og deltakarane får høve til å snakke nærare med bedriftene. Det blir og underhaldning og konkurranse med premier.

-Dette er ein unik rekrutteringsarena og brubyggjar mellom arbeidsliv og ungdom på Aukra. Vi håpar flest mogleg tek turen, gjerne saman med venner og foreldre, seier Anne Reidun Valdal.