Dette er eit debattinnlegg som uttrykker meininga til innsendaren.
Senterpartiet sitt framlegg til budsjett sikrar tenester nær folk, ferjer som går, trygge vegar og opprettheld skulestrukturen. Her er hovudpunkta i vårt framlegg – og kva dei betyr for deg og di lommebok.
Ikkje leggje ned nokon vidaregåande skular
Fylkeskommunedirektøren føreslår å leggje ned Tingvoll vidaregåande skule og slå saman Stranda og Sykkylven vidaregåande skular. Senterpartiet er for skular i distrikta, og vil bevare desse. Den vidaregåande skulen er hjartet i mange lokalsamfunn og sikrar framtidig arbeidskraft til lokalt arbeidsliv. Ein desentralisert skulestruktur gjer at færre barn ned i 15-årsalderen slepp å flytte heimanfrå for å gå vidaregåande. Møre og Romsdal er best i landet kva gjeld gjennomføring i vidaregåande skule, det vil vi halde fram med å vere. Ein desentralisert skulestruktur styrkar nærmiljøa, gjer lokalsamfunna meir attraktive og sikrar at fleire unge vel å bli verande i fylket. Difor sett vi av 30 millionar kroner meir til drift og 6 millionar kroner til utstyr i den vidaregåande skulen. I posisjonen sitt budsjettforslag har dei nedprioritert skule, noko som råkar elevane hardt.
Samferdsle som knytt fylket saman
I vårt budsjett prioriterer vi om lag 50 millionar kroner meir til samferdsle, derav kring 30 til ferjedrifta. Dette tyder framleis billige bussbillettar for ungdom via FRAM UNG og vi beheld bestillingstransport i distrikta. Vi får også noko meir asfalt og trafikksikringstiltak på fylkesvegane. I tillegg aukar også ferjetakstane med 1 takstsone i 2025 (tilsvarar nokon kroner per ferjetur i samsvar med prisvekst), slik at vi hindrar noko av den føreslåtte reduksjonen av ferjeavgangar. Togbussen mellom Oppdal og Kristiansund skal framleis gå, og vi bevarar Hamsund-ruta på Sunnmøre.
Tannhelsetenester nær folk
Fylkeskommunedirektøren føreslår å leggje ned tannklinikkane i Stranda, Midsund, Eide og Averøya. I vårt budsjettforslag har vi prioritert å bevare alle saman. Tannhelsetenester er grunnleggjande for folkehelsa, og det er spesielt viktig for barn, ungdom og eldre. Nettopp desse gruppene som i dag får hjelp i den offentlege tannhelsetenesta er meir sårbar og mindre mobil enn befolkninga elles. Vi sikrar tannklinikkar nært der folk bur.
Bevarer den kulturelle spaserstokken
Senterpartiet meiner at kultur skal vere tilgjengeleg for alle, også for dei eldre. Difor prioriterer vi midlar til den kulturelle spaserstokken for å hindre at ordninga blir nedlagt. Vi satsar også generelt på lokalt folkehelsearbeid, og vil styrke kommunane i Møre og Romsdal på dette feltet.
Styrkjer TT-ordninga
Det er viktig at alle i Møre og Romsdal har høve til å delta i samfunnet, uansett funksjonsevne eller behov. Difor foreslår vi å styrke TT-ordninga (tilrettelagt transport) med 3 millionar kroner årleg. Dette vil sikre at fleire får tilgang til naudsynt transport for å delta i kvardagslivet.
Kvar får vi pengane frå?
Senterparti/Ap-regjeringa løyver over 34 millionar kroner ekstra til Møre og Romsdal. I tillegg får vi nesten 80 millionar frå Havbruksfondet. Dette er fordi regjeringa ynskjer gode tenester i heile landet.
I ei tid der mange føler avstand til dei som styrer, vil Senterpartiet prioritere tiltak som kjem folk direkte til gode. Vi omprioriterer midlar frå ei rekkje postar for å forenkle fylkeskommunen si drift og reduserer byråkratiet. Difor foreslår vi kutt i administrative stillingar og kostnadar, til saman 2 millionar kroner i 2025, auka til 4,5 millionar kroner i 2027. Desse midlane blir heller brukt til å styrke tilbod som folk flest har nytte av, som ferje, buss, skular og kultur.
Saman for heile Møre og Romsdal
Når du no høyrer debatten om fylkesbudsjettet i media, håper vi at du ser kva som står på spel – og korleis Senterpartiet jobbar for ei betre framtid for deg og dine. Sjølv om det no er blå-blått styre i fylkeskommunene jobbar vi for å få gjennomslag, også frå opposisjon.
Dette budsjettet speglar våre kjerneverdiar: nærleik og tryggleik, samstundes som at vi har ein ansvarleg økonomistyring.
Senterpartiet trur på eit fylke der alle, uansett kor dei bur, har tilgang til gode tenester nær seg.