Etter fylkeskommunedirektøren sin vandetta mot samferdsel og ferjedrifta her i fylket, er det heilt nødvendig at innbyggjarane og næringslivet seier klart og tydeleg ifrå om at dette kan ein ikkje finne seg i.
At ferjedrifta er underfinansiert av staten veit vi alle, og vi huskar svært godt fleire «høvdingar» i SP og AP her i fylket som lova at dette skulle dei rydde opp i berre dei kom i regjering.
Ap og Sp i regjering har vore ei katastrofe, og ferjekostnadane har berre auka år for år etter at regjeringa omtrent har dobla drivstoff og straumprisane og sørga for skyhøg generell prisauke.
Når vår eigen fylkeskommunedirektør til stadig går til frontalangrep på samferdsel og ferjedrifta her i fylket, gjer ikkje dette situasjonen noko betre.
Siste ferjeopprør kom i stand når raudingane ilag med Høgre auka ferjeprisane med 2 takstsoner og innførte autopass. No har dei same partia prestert å gjentatt bedrifta, der dei i sommar auka takstsoner på ferjedrifta.
Dersom fylkeskommunedirektøren får vilja si vil takstane samla sett kunne auke 3 eller 4 takstsoner berre no det siste året, med andre ord det dobbelte av det som utløyste ferjeopprøret sist.
Vi setter vår lit til at dei borgarlege partia her i fylket finn saman og stoppar både kuttframlegga og takstaukane for ferjedrifta, og heller sørgar for at byråkratiet på fylkeshuset fortsatt blir rasjonalisert.
« Dersom vi ein mandags morgon hadde låst døra på fylkeshuset, hadde fylket stoppa opp?»
Nei, ferjene, bussane og hurtigbåtane hadde gått, vidaregåande skular hadde vore i drift som normalt, likeså fylkestannlege, samt kulturområder. Sjølvsagt skal vi har ein administrasjon på fylkeshuset, men dette må stå i stil med dei oppgåvene som i realiteten er kjerneoppgåvene til ei fylkeskommune.
Ferjeopprøret har kome istand fordi folket og næringslivet er totalavhengige av ferjene, dette er «kvardagsvegane» til dei alle.
Snart på tide no at også fylkeshuset begynner å lytte til folk flest og næringslivet, og snart forstå at fylkeskommunen er til for folket og næringslivet,
-ikkje omvendt.
Frank Edvard Sve
1. nestleder Transport- og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant
Fremskrittspartiet