Regjeringa har akkurat avslutta pressekonferansen der dei annonserte at dei vil auke løyvingane til kommunene og fylkeskommunene med 5 milliardar i statsbudsjettet for neste år. Auken kjem som følgje av den økonomiske situasjonen mange kommuner og fylkeskommuner har ytra seg om.
I dokumentet som formelt har den klingande tittelen «For budsjettåret 2025 — Endring av Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet 2025 under Kommunal- og distriktsdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (auka løyvingar til kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar)» er det lista opp korleis dei 5000 millionane kronene er planlagt fordelt ut.
Fordelingsoversikta i dokumentet viser at Aukra kommune er tiltenkt 2 878 000 kroner i tillegg til det opprinnelege framlegget til statsbudsjett. Regjeringa har gjennom auka innbyggjartilskot til kommunane fordelt ekstramidlane flatt med eit likt beløp per innbyggjar.