På kommunestyremøte torsdag 24.oktober fremma underteikna på vegne av KrF ein interpellasjon med fokus på fjerning av sitkagran i Aukra kommune.
I interpellasjonen trakk eg mellom anna fram at i 2019 fekk Aukra kommune rapporten «Forvaltning av le plantefelt – Faktagrunnlag og tilrådingar for le plantefelta på Gossen i Aukra kommune». I teksta som er knytta til forsidebiletet står det; «Kva vil folket på Gossen ha? Eit ope landskap, eit lukka skoglandskap eller midt mellom?». Det er sikkert ulike meiningar om dette, men signal vi fangar opp frå folket er at mange ønsker mindre sitkagran.
Mitt spørsmål til ordføraren hadde mellom anna fokus på korleis Aukra kommune ønsker å følgje opp denne rapporten og dei konkrete råda som ligg i rapporten med omsyn til hogst eller nyplanting, jfr. punkt 6.2 i rapporten? Er det mogeleg å få til ei plan som samlar alle eigarar av landbrukseigedomar og mindre eigedomar med eit mål om å få fjerne framande treslag? Har vi eit skogfond i Aukra kommune? Om ikkje kan oppretting av eit slikt fond bidra til økonomiske midlar til forvaltning av le plantefelt i Aukra kommune? Målet må vere å få redusert og fjerna sitkagran i kommunen vår og dermed få til eit meir ope landskap.
I svaret frå ordførar Helge Kjøll jr. vart det mellom anna peika på Aukra kommune si klima- og miljøplan 2030 som vart vedtatt på kommunestyre 16.desember 2021. Denne plana nemner sitkagran fleire stader. På side 47 i Klima -og miljøplana står det mellom anna «Problematikken med sitkagran framande treartar, særleg sitkagran, har vore i fokus nasjonalt dei siste åra.». «Av desse artane finn ein sitkagran, buskfuru, lerk, platanlønn og norsk gran. Alle desse spreier seg i terrenget på Gossen og utgjer eit direkte trugsmål mot verdifulle naturtypar.» og vidare «…oppretting av ei tilskotsordning kan stimulere til vilje til gjennomføring av tiltak i tråd med forvaltningsplanen».
Ordføraren peika vidare i sitt svar på eit av strategimåla i handlingsdelen som seier følgjande: «Stimulere til berekraftig næringsutvikling og miljøtiltak innan jord- skog og havbruk» Under dette punktet ligg mellom anna tiltak 67 kor det står; «Opprette og fordele stimuleringstilskot til skogforvaltning». Det står og «Aukra kommune skal (kulepunkt 6) opprette eit stimuleringstilskot til skogforvaltning for å støtte opp om klima -og miljøtiltak»
Eg er svært fornøgd med at ordføraren på bakgrunn av det som står i Klima -og miljøplan og det som står om sitkagran og oppretting av ei tilskotsordning vil be administrasjonen om å utarbeide ei sak med fokus å opprette ei tilskotsordning for å kunne fordele stimuleringstilskot til skogsforvaltning. Ei slik ordning meiner ordføraren og vil kunne gje plass til å søke om støtte til å fjerne sitkagran i Aukra kommune. Eg ser med forventing fram til at denne saka vert lagt fram for kommunestyre. Ei sak som kanskje er starten på systematisk fjerning av sitkagran i Aukra kommune.
Jan Magne Breivik
Gruppeleiar i Aukra KrF