Imorgon kveld er det klart for premieren på teaterstykket «Amerikaklokkå». Det er ledige billettar, så prosjektleiar Svein Erik Nautnes i Gossen Revylag oppfordrar sambygdingane og andre til å kome.
-Her får du alle dei tre viktigaste pålane i livet. Vi byr på komedie, alvor og kjærleik, seier prosjektleiar Svein Erik Nautnes med entusiastisk glimt i auget.
Vi har fått nokre minutt med han innimellom siste øvingane. Nokre detaljar står att å terpe på før den muntre teatergjengen kan seie seg heilt nøgd med produktet. Etter premieren i Aukra kulturhus imorgon kveld er det forestilling fredag og laurdag. Siste dagen blir det «heilaften» med dans etterpå.
Svein Erik Nautnes skulle «berre» vere prosjektleiar sjølv, men enda opp med også ei rolle i spelet.
-Det har vore fole gøy gjennom øvingane, det håpar og trur eg publikum vil merke på engasjementet gjennom spelet.
Han oppfordrar folk til å kome:
-Det er kjekkast å spele for full sal, og eg meiner oppriktig at dei som ikkje kjem går glipp av noko veldig bra. Plutseleg kan det bli fullt, så kjøp deg billett jo før jo heller, seier Nautnes i farta på veg inn mot ny øving.