Aukra KrF vil på førstkommende kommunestyremøte, torsdag 24.oktober fremme ein interpellasjon med fokus på eit tema mange på spesielt Gossen er opptatt av; sitkagran.
I 2019 fekk Aukra kommune rapporten «Forvaltning av le plantefelt – Faktagrunnlag og tilrådingar for le plantefelta på Gossen i Aukra kommune». I teksta som er knytta til forsidebiletet står det; «Kva vil folket på Gossen ha? Eit ope landskap, eit lukka skoglandskap eller midt mellom?». Det er sikkert ulike meiningar om dette, men signal vi fangar opp frå folket er at mange ønsker mindre sitkagran.
I rapporten vert det sett fram mange råd om korleis ein skal få best mogleg forvaltning av le plantefelta på Gossen i framtida.
Rapporten beskriv både positive og negative effektar av le plantefelt. Rapporten er tydeleg på at naturverdiane på Gossen i all hovudsak er knytt til det opne landskapet og at alle tiltak som kan føre til eit meir ope landskap vil vere positive for naturmangfaldet, mens tiltak som fører til meir lukka landskap vil vere negative. Det er ei kjennsgjerning at leplantingane i dag har blitt altfor store og at dei dermed ikkje lenger let seg fornye gradvis.
Korleis ønsker Aukra kommune å følgje opp denne rapporten og dei konkrete råda som ligg i rapporten med omsyn til hogst eller nyplanting, jfr. punkt 6.2 i rapporten? Er det mogeleg å få til ei plan som samlar alle eigarar av landbrukseigedomar og mindre eigedomar med eit mål om å få fjerne framande treslag? I Vågsøy kommune i Vestland fylke har dei lukkast med å få til ei slik plan. Har vi eit skogfond i Aukra kommune? Om ikkje kan oppretting av eit slikt fond bidra til økonomiske midlar til forvaltning av le plantefelt i Aukra kommune? Målet må vere å få redusert og fjerna sitkagran i kommunen vår og dermed få til eit meir ope landskap.
Jan Magne Breivik, KrF