Reflekstelling utført av Trygg Trafikk i Møre og Romsdal hausten 2023 viser at kun 53 prosent av alle som går ute i mørket brukar refleks. 59 prosent brukar refleks på landeveg og kun 47 prosent brukar refleks i sentrumsgater.
Kvifor er det slik at berre halvparten av oss brukar refleks i mørke?
Trygg Trafikk oppfordrar alle til å markere den nasjonale refleksdagen 17. oktober. Finn fram refleksane dine, sjekk at dei framleis har effekt og fest dei på ytterjakkene. Eller gå ut og kjøp deg ein ny liten livreddar denne dagen
Trygg Trafikk har ulike arrangement knytt til refleksdagen i Møre og Romsdal.
I samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune, Molde Fotballklubb, Molde Elite, Kristiansund Ballklubb og Ålesunds Fotballklubb deler Trygg Trafikk ut 8 000 supporterrefleks på kamp. Alle refleksane er prega med klubbane sin logo, og blir delt ut på desse arrangementa: Kristiansund Ballklubb – Strømsgodset, Kristiansund Stadion søndag 20. oktober, Molde Elite – Byåsen, Frænahallen laurdag 19. oktober, Ålesunds Fotballklubb – Sarpsborg, måndag 21. oktober, Molde FK – Sandefjord, laurdag 19. oktober.