Imorgon kjem andre utgåva av månadsmagasinet til Aukranytt ut med mykje spennande stoff.
Månadsmagasinet kom i helga rykande ferskt saman med eitt år eldre storesøster Hustadvikingen frå trykkeriet. Begge er del av avisfamilien til eigarselskapet Tvisyn Media og vert trykt hos Øy-Blikk på Valderøya utanfor Ålesund.
Som sist får du kjøpt Aukranytt på dei fire daglegvarebutikkane i Julsundet og på Gossen om du ikkje er abonnent.
Fleire av sakene har ikkje vore publisert på nett denne gongen, så vi tilrår å spandere på seg magasinet til 49 kroner om ein ikkje er abonnent.
Som de har sett utvekslar vi jamleg saker med Hustadvikingen.
Sjølv om vi har våre definerte nærområde som vi primert lagar eigne saker på, er vi glade for at vi gjennom samarbeidet kan supplere med fleire aktuelle og relevante saker som gjeld på tvers av kommunegrensene.
Vi ønskjer god lesnad!