Då er første veka på nett for Aukranytt passert. Den har vore givande i møte med Aukra-samfunnet. Eg kjenner på at nyvinningen og eg sjølv er godt motteken gjennom trivelege tilbakemeldingar og jamt tilsig med abonnentar.
Takk til deg som lesar for at du brukar avisa – og ikkje minst kjøper abonnement. Vi prøver å dekke ei breidde av saker og ha variasjon i tema til både den einskilde lesar og ulike målgrupper. Og ikkje minst er det viktig at vi er relevant i heile det geografiske området vårt frå fastlands-Aukra til Ona i vest. Gi oss gjerne tilbakemeldingar på tema eller stoff du er interessert i.
Takk til deg som tipsar oss. Du er viktig og nødvendig. Vi har allereie fått gode tips vi har brukt. Alle aviser, og særleg Aukranytt og meg som ny i omådet, er avhengig av at du gir ein lyd. Anten det er deg sjølv eller andre saker: Tips oss heller ein gong for mykje enn for lite framfor å tenke at det ikkje er interessant.
Månadsmagasinet nærmar seg også sjøsetting. Første utgåve er venta ferdig trykt rett etter 20.august. Eg har stor tru på at dette vil falle i smak i Aukra som slik som Hustadvikingen har gjort i sitt område. Magasinet er ein fin måte å nå alle, anten ein held nettavisa eller ikkje. I tillegg blir det eit eige produkt som ikkje kun er reprise av nettstoffet, men går litt djupare i lenger artiklar.
Barn og ungdom er ei viktig gruppe å knyte band til. Som avis håpar vi å inspirere til leseglede og samfunnsengasjement uansett alder og bygge nokre vaner frå starten som lokalavis. Difor ønskjer vi å få til ein del saker av, med og for barn og ungdom. Meir om det framover hausten.
Vil du bli frilanser? I desse dagar søkjer vi frilansjournalistar som vil vere med å forme Aukranytt gjennom gode bidrag. Vi er ikkje ei avis som kan ha mange faste journalistar, men ønskjer å vere så relevante som råd utfrå vår storleik. Kanskje er du den vi ser etter som er den rette til å vere med og formidle lokalsamfunnet vårt. Enten du er allround og kan dekke det meste eller ønskjer å konsentrere deg om faste tema. Enten du er røynd eller fersk – vi lærer og utviklar oss saman som avis. Ta gjerne kontakt med meg.
Annonsering er også noko du bør vurdere sterkt hos oss. Anten det er personleg, lag og organisasjon eller næring, så håpar vi å bli ein viktig kanal i lokalsamfunnet. Anten du vel nett, papir eller begge delar så har vi gode prisar til deg.
Mykje å sjå fram til i haust: Eg håpar det har vore ein triveleg sommar for alle. Men seinsommaren og hausten byr også på mange fine opplevingar. Der sommaren for mange er høgdepunkt som årstid om den slår til vermessig, inneheld den neste årstida meir av aktivitetar, arrangement og faste rutiner i kvardagen.
Vi ser fram til å vere tett på og fange mykje av dette, der har lokalavisa mange fordelar. Enten det er gode kulturelle fellesskapsopplevingar, portrett av kvardagsmenneske eller nytt frå næringslivet – vi skal vere der!
Med det ønskjer eg alle ei riktig god helg og ser fram mot reisa vidare for Aukranytt saman med dykk!
Tor Arne Aasen
Redaktør
Aukranytt