Så var vi i gang. Aukranytt har gått frå idè, ønskje og planlegging til realitet. Frå i dag skal vi vere den føretrekte kanalen for små og store nyhende med menneska i sentrum i området vi dekker.
Som du raskt vil sjå av sakene har vi definert Ona i vest som del av dekningsområdet vårt uavhengig av formell kommunetilknyting. Innanfor dekningsområdet vil vi vere både ultralokale og drage dei større perspektiva med relevante saker frå omverda til lokalsamfunnet og motsett.
Entusiasme og audmjukheit
Som redaktør kjenner eg kvelden før lanseringsdagen på både entusiasme og audmjukheit i jobben som redaktør. Sjølv om eg kjenner media som freelancer og journalist er dette ei heilt ny avis, ei ny rolle og eit nytt distrikt for meg.
Oppstart av lokalaviser høyrer dessverre til sjeldanheitene i Noreg. Mange aviser slit i ei ny tid med nye vaner og endra økonomisk grunnmur. Men ei god lokalavis som meistrar kombinasjonen av å få fram dei ultralokale sakene og gjer regionale og nasjonale saker aktuelle vil vere stoff du ikkje kan google deg til. Eit slikt organ er ønska og etterspurt av mange på Aukra.
Nettopp derfor «måtte» eg vere med på reisa med Aukranytt. Å få bidra til byggje noko heilt nytt og lage eit attraktivt produkt for dykk lesarane er givande.
Eigaren av Aukranytt, Tvisyn-konsernet, sin profil og ønsket om å bidra til mediamangfald, kjenner eg også på som sentralt. Det moderne formatet med nettavis og månadsmagasin på papir trur eg blir ein god formel på linje med andre lokalaviser i konsernet.
Positiv og konstruktiv journalistikk
Eg skal gjere mitt for å løfte fram og bidra til å byggje lokalsamfunnet så godt som råd gjennom treffande tekst og bilder. Då er eg også svært avhengig av dei gode tipsa frå dykk. Anten det gjeld deg sjølv, den kommunale verksemda, bedrifta eller andre menneske – ikkje nøl med å ta kontakt.
Som verdisett og profil ønskjer vi å stå for konstruktiv og opplysande journalistikk. Å vere redeleg og respektfull i tråd med Ver Varsom-plakaten er heilt sentralt. Som media vil vi garantert skape debatt og har ikkje som mål at alle skal vere samde i alt, men vi skal alltid opptre med integritet.
Som del av dette må vi også stille kritiske spørsmål der det er nødvendig. Men alltid kun så langt som nødvendig for å opplyse ei sak – og aldri for å medvite vere negativ og førehandsinntatt.
Å kome som sunnmøring utanfrå har som med alle saker fleire sider. Det vil kunne vere positivt med eksternt og nøytralt blikk og undring. Samstundes må ein byggje opp internkunnskap om bygdene, menneska og bedriftene. Men samla trur eg ei positiv nysgjerrigheit vil vere ein god sum av dette.
Eg har allereie stifta mange nye bekjentskap i området og ser fram til fleire. Etterkvart som det praktiske er på plass vil vi også etablere oss som familie i området.
Takk igjen for at du les Aukranytt, eg skal gjere mitt beste for å halde på deg som aktiv brukar og at du gjerne framsnakkar oss til fleire!
Venleg helsing
Tor Arne Aasen
Redaktør